SPON 2010 er over - Takk for i år!

Om festivalen

Spon RockFestival er ein årleg festival som leverer kvalitetsrock frå fjern og nær til publikum i Ørsta og omeign. Festivalen er i regi av Ørsta Rock, som vart skipa i april 2009, med eit formål om å vere ein bærebjelke for rockemiljøet i regionen vår.

Spon 2009 var den fyrste festivalen i rekkja og det vart ein dag som vil sitje i som eit svært minne for alle dei som var der. I år flyttar vi festivalen til sentrum, og samarbeider med Amcar-klubben for å kunne tilby publikum ei enda betre oppleving. Vi føler at vi har teke eit stort steg framover når vi i år kan tilby enda fleire store navn, i tillegg til at vi også er formålet tru og presenterer det beste av det vi har å by på lokalt.

Dette blir rett og slett ein kanonbra opplevelse, og vi i Ørsta Rock gleder oss uhemma til å få dele den med publikum!

OVERNATTING
Kjem du langvegs frå? Ingen problem! Amcar-klubben vil ha festivalcamp ved ungdomsskulen i Ørsta. Sjå Amcar-klubben sine nettsider for nærare informasjon.

MAT
Kokk`n Roll stiller med 3 meter grill og vil lage grilltallerken med utval av forskjellig slesk grillmat.

ELLES
I det store og heile skal du ikkje vere nøydd til å tenkje på noko anna enn å ha det svært. Toalett, bankterminal, taxi, kjekke folk - alle praktiske formalitetar skal vere på plass! Om det likevel skulle vere noko du lurer på, ta kontakt med Ørsta Rock.

 

Program

For eitt program! Tenkjer i alle fall vi i Ørsta Rock. Øvst på plakaten har vi LILLASYSTER og BLACK DEBBATH - det tøffaste bandet frå Sverige, og det tøffaste bandet frå Noreg. Sams for begge er at dei gir full dundre på scena med blytung og fengande rock, og med eit aldri så lite glimt i augo. Med andre ord: to stk. perfekte band på ein rockefestival! Vi er også nøgde med å ha booka det nye og spanande bandet SIBIR - ein konstellasjon av framifrå norske artistar. Vi ser også fram til BRØDRENE LØWENSTIERNE som skal opne festivalen og etablere den gode stemninga. Og vi gler oss sjølvsagt til både gjensyn og gjenhør med kjende lokale band, samt det spanande bandet EXPOSED TO FAILURE frå Fosnavåg. Gå ikkje glipp av vårens store høgdepunkt på Sunnmøre!

Billettar

Kjøp billettar på Billettservice.

Aldersgrense: 18 år.

Pris: 360,- kr.

Er du ikkje overbevist enno? Sjekk ut stemninga frå SPON 2009!

Kart

Kontakt oss

Dersom du lurer på noko, ta kontakt med Ørsta Rock på e-post.

Styret i Ørsta Rock, f.v.: Arnfinn Velle, Knut Steinnes, Bernt Brekk, Håvard Krøvel-Velle, Jan Terje Eidset, Vidar Johan Vartdal, Hans Førde, Jo Sindre E. Ørstavik (ikkje til stades: Olav Sindre Kriken, Porshad Hafezi).

Lillasyster

Lillasyster vart fødd når Martin Westerstrand byrja å skrive låtar på svensk for fyrste gong sidan refrenget til "Sug Min" med LOK vart skrive, nyårsaftan 2001. Våren 2006 fekk han nok og kunne ikkje lenger halde orda inne, og fyrste låta byrja å ta form. Snart eksisterte det ein gjeng med låtar som alle viste seg å vere sjukt rake, tilbakeståande og bra. Daniel Cordero frå storebror LOK og Ian-Paolo Lira och Max Flövik frå kusina Rallypack hoppa snart ned i båten, og brått var dei fire.

Ein kort og tjukk.
Ein kort og tjukk og hårete.
Ein kort og tjukk frå Chile.
Og ein kort og tjukk og kvit frå Chile.

Nu jävlar är det dags! No har Lillasyster vakna og ho er nok ikkje i så jævlig bra humør. Ingen har fornedra populærmusikk på denne måten sidan storebror skitna til Norden, og det kjem ikkje til å bli betre denne gongen det musikalske ebolaviruset sprer seg.

Les meir om Lillasyster på MySpace

Les meir om storebror LOK på lokpest.com

Black Debbath

Black Debbath feira i fjor sitt ti-årsjubileum som landets fremste leverandør av samfunnsengasjert tungrock. Med dette står dei nærmast einsame på tronen over dei lengstlevande rockeband her til lands. Alle andre band av ein viss storleik har anten gitt seg - eller burde gitt seg - for lenge sidan.

Men Black Debbath kan ein stole på. Dei har ingen planer om å gi seg. Til det er der for mykje urett i verda. Desse djupt dedikerte og hjartevarme rockarane veit at så lenge kvinner har mindre løn enn menn, så lenge det er moms på frukt og grønt, så lenge mannen i gata slit med å få gehør i makta sine korridorar, så lenge inkontinente må gjennom eit virak av ei papirmølle for å få bleier på blå resept, ja så lenge det er problemer innad i Høyre - så er deira eksistens berettiga. Og deira kamp mot vindmøllene held fram ufortrødent. Tappert vil dei freiste å nå det tilsynelatande umoglege mål: å få gehør for sitt engasjement hjå daffe, giddalause, uoppvakte rockarar rundt om i det ganske land. Det er ein møkkajobb, men nokon må ta den!

Les meir om Black Debbath på blackdebbath.com

High Voltage

22. mai er det klart for Rock'n Roll i Ørsta! Mange band har spelt cover-låtar av AC/DC, og enkelte har gjort karriere som AC/DC-tributeband. Men få av desse kan måle seg med High Voltage frå Ørsta! Med utelukka Bon Scott-låtar på repertoaret, briljerar vokalist Olav Sindre Kriken på scena som nærmast ein reinkarnasjon av den avdøde rockelegenda. Ikkje berre er stemma det nærmaste ein kan kome Bon Scott, men også sceneopptredenen er noko dei fleste frontfigurar kan misunne. Resten av bandet gjer sitt til at også det musikalske følgjer dei berømte, men enkle notane til punkt og prikke. Bandet er lettare legendarisk på Sunnmøre, og har med seg dei levende legendene Petter Baarli og Dan Thunderbird (Backstreet Girls & Jokke) til Spon 2010. Gjer deg klar for ein forrykandes rockekonsert!

Stingray

Om du sit i ein 1969-modell Corvette med ope tak, 475 svoltne hestar under panseret, brylkrem i håret og flotte kvinns i samtlige seter, er sjansane svært store for at Stingray går på full guffe over anlegget ditt. Det er ikkje meininga å drive med kjønnsdiskriminering, men Stingray er musikk for Menn med stor M, eit overvettes maskulint og testosteronlada band som vil teppebombe Søre sunnmøre med knallhard, breibeint boogierock av ypparste klasse.

Kenneth Busch (bass/vokal), Jossi Cash (vokal/gitar), Kåre Myklebust (gitar) og Johnny Rubber (trommer) er kremen av den tradisjonelle rockescena på sunnmøre, og fyller større og større scener med sin sjølvproduserte rock’n’roll.

Stingray har gitt ut EP-en "Shooting Blanks", med ein tilhøyrande musikkvideo som fortel det meste: høg flaskeføring, brei beinføring og rein machismo. Eit perfekt band for å fyre opp stemninga på årets Amcar-treff!

Les meir om Stingray på MySpace

The Clinton Experience

2008 var eit godt år for rocken på Sunnmøre, mykje fordi året vart innleia ved at The Clinton Experience vart til. Stephen Darren Dougherty (gitar/vokal), Hans Førde (bass) og Robert Steinnes (trommer) fann tonen til tonar komponert av Stephen sjølv, tonar som best kan beskrivast som melodisk rock med lette innslag av grunge; livemusikk av beste merke! 2008 vart ytterligare forbetra av at Klaus Blø supplerte bandet med ein ekstra gitar, og repertoiret utvida seg stadig til lyden av Stephen sin faste kommentar: “Guys, I’ve got a couple of new songs”.

The Clinton Experience har vunne Bandstanden på studenthuset Rokken i Volda, og har også laga feit stemning på både Øyapop i Midsund og på Rust Club & Scene i Ørsta. NB! Det er lov å danse sjølv om det er rock!

Les meir om The Clinton Experience på NRK Urørt

Heartbrekkers

Alle scener og alle stader der meir enn 1000 menneskje bur, har ei eiga supergruppe, og Ørsta er intet unntak.

Aff (gitar), Stis (vokal), Brekkers (bass), Jossi (gitar) og Peggs (trommer) er alle erfarne musikarar med lang fartstid i miljøet på Søre Sunnmøre, og går ikkje av vegen for å slå eit slag for gamle klassikarar.

Heartbrekkers er noko så sjeldan som eit coverband i festivalklasse, og går hardt ut for å forsvare grunge og stonerrock i ein malstraum av boogie og hardrock. På det stadig aukande repertoaret finn vi dei tøffaste låtane frå artistar som Foo Fighters, Audioslave, Pearl Jam, Alice in Chains, Nirvana og Soundgarden m.fl.

Les meir om Heartbrekkers på MySpace

Sibir

SIBIR er eit Oslo-basert band med medlemmar frå bl.a. Extol, Magne Furuholmen-band, Span, og Dog Almighty. Bandet har over lengre tid laga demoar i eige studio, men eksponerast for offentlegheita fyrste gong våren 2010. Då skal dei ut på ein Noregsturné. Det som skal bli bandet sitt debutalbum vert spelt inn hausten 2010 og kjem ut våren 2011.

I jakta på samarbeidspartnarar til innspeling av debutalbumet har bandet vore i kontakt med ein del “top line” produsenter og fått mykje gode tilbakemeldingar, mellom andre frå Jonathan Burnside (Faith No More, Depeche Mode, The Melvins, Nirvana, Bernard Purdie)):

“I've listened to your tracks and like them a lot. It's obvious the band members can play well and the songs are cracking. I particularly like the stylistic depth and the fact that the songs and choice of instrumentation is not monochromatic or all the same in sonics and delivery. Touches like the cello in New Day, the bass sounds, the juxtaposition of the synth and the ripping guitar in "Live the Lie" are very cool.”

Les meir om Sibir på MySpace

Exposed to Failure

Når ETF entrar scena, set dei standarden for sunnmørsk punkrock. Dei har påverka bandmiljøet på ytre søre i fleire år, og er snart klare med debutskiva ”they left us here...”. I mellomtida skal dei herje SponRock med melodiøse ”sing along”-refreng og ein like uhøgtideleg performance som alltid. Energikicket er aldri langt vekke, og med ein vokalist som beveger seg på grensa til adhd, burde vel opplevinga vere komplett. Som han sa, han gut; ”De va bra saker for faen! No e de berre å åke på som faen å spele til giktfebere teke dokke! Skål for faen!!!”.

Les meir om Exposed to Failure på MySpace

Brødrene Løwenstierne

Sjangermessig beveger dei seg raskt fram og attende i skytteltrafikk mellom country noir, blues og rock & roll, med kreative innslag av både human beatboxing, doo-wop og glade calypsotakter! Her blir det heftige rytmer, swingande melodiar og harmonisk samklang!
Brødrene Löwenstierne spiller flotte pop/rock-melodier og smektende Country Noir på sin egen måte.

Duoen starta som backingband for St. Thomas i 2004, og har siden den gong blitt ein flott og harmonisk duo som står godt på eigne bein. Dei musikalske “brødrene” spelar ein herlig mixture av rock, blues, calypso og country, med forgreningar til artistar som Johnny Cash, The Everly Brothers, The Ricochets, Harry Belafonte, Lady Gaga, Bruce Springsteen, Per Asplin m.fl.

Brødrene Löwenstierne har gitt ut to singlar, og er å finne både på Christer Falck sin Prince-hyllest “Shockadelica”, og på hyllestboksa til St. Thomas. I studio har dei bl.a. hatt med seg Tom Mathisen, Kåre Joao, Petter Pogo, Jan Gunnar Røise, Frank Kjosås, Lena Kristin Ellingsen, Stein Johan Grieg Halvorsen og Olaf Thommesen.

Les meir om Brødrene Løwenstierne på lowenbros.com

Spon 2009

Sjekk ut vårt omfattande bilet- og videogalleri frå SPON 2009 på orstarock.no.

 

AMCAR  Lillasyster   Black Debbath   High Voltage   Stingray   The Clinton Experience   Heartbrekkers   Sibir   Exposed to Failure   Brødrene Løwenstierne